Takk for i år!
På sjølvaste frigjeringsdagen 8.mai tok elevane farvel med skulen og kvarandre. Det vart mange tårevåte avskjedar, og både elevar og tilsette uttrykte at det hadde vore eit fantastisk år. Avslutningsdagen vart ein festdag med eit rikhaldig program, der elevane gjennom song, musikk, dans og bilete fekk vist foreldre og føresette litt av det dei har fått oppleve. Det vart tale av elevrådsleiar Gry Wibeke Olsen og rektor Arnt Ole Grimstad, og skulen fekk også helsing frå forledra.
Vi takker for året ilag og ynskjer lukke til vidare!











