|
|
|
|
SJØ|SNØ|SURF
SUFH ligg nær vatn. Enten du er ute etter fossande elvar, brølande hav eller vatn i laus fin pudderform, finn du det her. Surfing, segling, windsurfing eller dykking er det gode forhold for heile året. Vi har gode våtdrakter som gjer at vi kan vere i og på sjøen så ofte som vi vil. Vi leikar i, over og under vatn, samstundes som vi ynskjer å skape respekt for dei kreftene som vatnet rommar. Her er lista over aktivtetane våre. Noen endringer blir det av og til, blant anna grunna vær og føreforhold.
- Bølgjesurfing skjer ved ein av Noregs finaste plassar for surfing; Hoddevika ved Stadt. Hit reiser vi fleire gongar. Det blir mange timar på brettet i løpet av bølgjesesongen. Det er lett å bli tatt av draumen om den perfekte bølga som er ein stad der ute - Seglinga er basert på moderne seglejoller der det er plass til 3-4 elevar i kvar båt. Vi tek også del i onsdagsregattaen til Ulstein Seglforening - Tur med Sunnmørsjekta ut på det åpne hav er ei mektig oppleving. Det knirkar godt i riggen når det bles kuling - Windsurfing - Vannski/ wakeboard - Fosseklatring - Sjøliv. Vi dreg på sjøen med både raske og langsame båtar. Ein tur i røff sjø ut mot fuglefjellet Runde er spennande. Det kan også være mulig å få fisk om det er forhold for det - Fridykking. Klart vatn, spennande tareskog og fisk av ulikt slag kan ein oppleve med maske og snorkel. Klippehopp/stuping. - Møte med det ukjende - "Multi 10-kamp" - Ski/brett (pudderjakt i Sunnmørsalpane) - Toppturar i Sunnmørsalpane (ski/snowboard) - Du kan ta dykkelappen ved skulen.
|
Loggbok
Bildegalleri
Utstyrsliste
Linjelærar
Meir info om linja
Skuleturar
Fellesundervisning
Modulfag
|
| |
|
Sunnmøre folkehøgskule
Varleitevegen 5 6065 Ulsteinvik
Tlf. 7000 9600 Fax 7000 9601 post@sufh.no | |
|
|