|
STUDIETURAR
SUFH har fleire fellesturar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er det lagt opp til studieturar i grupper til utlandet der elevane sjølve vel eitt av fire reisemål. Studieturane er ikkje knytt opp til linjefaga.
Opningstur/littera-tur Hausten er tida for gode bøker og store naturopplevingar. På Littera-turen kombinerer vi desse to elementa til vår eigen ”litteratur-natur-mix”. I løpet av veka har vi lært eindel namn, og forhåpentlegvis blitt litt betre kjend med kvarandre.
Skiveke Å setje sin eigen signatur ned ei fjellside i Sunnmørsalpane bør alle få oppleve! I skiveka reiser vi til Fjellsetra skisenter, der vi gjennom øving og litt instruksjon kan få det endå kjekkare på telemark, alpint og snowboard.
Latvia Ein kontrastfylt og opplevelsesrik tur, der vi m.a. skal ha med klede og utstyr til ein barneheim og til ein internatskule for vanskelegstilt ungdom. I tillegg vitjar vi den flotte og historiske byen Riga.
Avslutningsturar Buss- og båttur til UNESCO sitt verdsarv-område Geiranger med besøk på fjellgarden Skageflå. Tur til fuglefjellet på Runde, der vi m.a. får studere den kjende Lundefuglen på nært hald.
VALFRIE TURAR OG OPPLEGG (delvis inkludert i skuleprisen)
Møte med framande kulturar er ein naturleg del av det å vekse opp i eit moderne samfunn. Vi reiser mykje, men det er ikkje alltid at vi kjem særleg tett på den kulturen vi kjem til. Sunnmøre folkehøgskule er ein del av dei verdsvide organisasjonane YWCA og YMCA. I samarbeid med partnerane våre i YMCA arrangerer vi turar der vi legg til rette for at du skal få lære og oppleve ting du ikkje får gjennom ein vanleg chartertur eller når du reiser på eiga hand. Målet for turane våre er å lære meir om eit anna land og ein annan kultur, få reiseerfaring og spennande og minneverdige opplevingar i lag med medelevar og dei vi møter. I skulepengane er det lagt inn ein sum som i tillegg til Latvia dekker Europa-turen. Om du vel ein av dei andre kjem det eit mellomlegg ut ifrå pris på flybill. og skatter og avgifter. Alle turane er i november, når det er sludd på Sunnmøre.
Reisemål:
· Cuba (Havana) - ekstra kostnad ca 11 000,- . Europa Backpacker - inkludert · Tanzania/Zanzibar - ekstra kostnad ca 10 000,- . Sør-Afrika (Cape Town) - ekstra kostnad ca 10 000,-
Cuba Her snakkar vi om folkeliv, musikk-klubbar, salsa og strender. Bli med og opplev musikken, historia, rytmen og dansen slik berre cubanarane gjer det. Gjennom guiding, seminar, konsertar og salsakurs vil vi lære meir om dette landet. Vi vil også reise litt ut av Havana og få med oss andre aktivitetar. Det vil nok ikkje gå mange år før det karakteristiske cubanske samfunnet ser annleis ut…
Les meir om turen i menyen til høgre.
Europa Backpacker Kor langt kan ein reise for 7.500 kroner? Opplev det europeiske kontinentet gjennom togvindauget eller vandrande med sekk på ryggen. Kva med frukost i Köbenhavn, middag i Berlin og ein kveldstur over Karlsbrua i Praha? Eller rett og slett non-stop tog til Barcelona, langs Rivieraen vidare til Italia, og segltur i Middelhavet, for så å våkne ein tidleg morgon i Istanbul?
Les meir om turen i menyen til høgre.
Tanzania/Zanzibar Opplev afrikansk kultur, natur og folkeliv på nært hald. Gjennom lokale partnerar får vi sjå ulike sider av Tanzania, også sider som ein vanlegvis ikkje opplever som turist. Vi besøker lokale familier, kyrkje, ein barneheim og andre prosjekt som jobbar med bekjemping av fattigdom.
Vi startar i Dar es Salaam og reiser derifrå innover i landet til ein typisk tanzaniansk småby. Her får vi møte folk og oppleve prosjekt som gjestar. Deretter går turen til ein av dei flotte nasjonalparkane i Tanzania. Her er det gode sjansar for å sjå både løver, elefantar og sjiraffar i fleng i sitt rette element. Turen vert runda av på krydderøya Zanzibar. Øya byr på ei utruleg spanande historie, ein fargerik kultur, og nokon av dei vakraste strendene i verda. Karibuni (velkommen til) Tanzania!
Les meir om turen i menyen til høgre.
Sør-Afrika Reis til den spennande byen Cape Town, som er ein smeltedigel både når det gjeld folkeliv og musikk. I 1994 vart apartheid oppheva i Sør-Afrika, men det er framleis store sosiale skilnader. Området rundt Cape Town har også fantastisk natur og folk er svært imøtekomande og sjenerøse, sjølv om dei har lite. Vi vil m.a. overnatte i vertsfamiliar, besøke Robben Island, Table Mountain og Kapp det gode håp. Du vil også kunne få med deg aktivitetar som t.d. safari, dykking, rappellering frå Table Mountain, tur og gudstenester i township’ane.
Les meir om turen i menyen til høgre.
Kvar tur har si minimums- og maksimumsgrense når det gjeld antal elevar.
|