SØKNAD
Du kan sende søknad til oss på fleire måtar:
1. Søk på nettet her: Klikk her for elektronisk søknad
2. Søk via www.folkehogskole.no/sunnmoere+folkehoegskule
3. Kontakt oss for å få tilsendt søknadspapir
Dersom du vil ha meir informasjon eller vil ha tilsendt søknad eller brosjyre, kan du kontakte oss via telefon (70009600) eller epost post@sufh.no.
Opptaket for skuleåret 2010/2011 startar 1.februar 2010.
Mange av linjene vert tidleg fulle. Difor løner det seg å vere tidleg ute med søknaden.
Søknadsprosessen
1. Opptaket starter 1.februar 2010, men de kan sende inn søknad allereie no
2. Du får tilbakemelding om at vi har motteke søknaden, også dersom du sender inn før 1.februar
3. Etter 1.februar vil vi ta inn elevar fortløpande fram til den enkelte linje er full. Du vil difor innan få dagar få beskjed om du har fått plass dersom alle vedlegg og krav er oppfylt.
4. Dersom du får tilbod om plass, har du 14 dagar til å bestemme deg om du tek plassen eller ikkje. Du takkar ja til plassen ved å betale inn 1500,- kr. i innmeldingspengar på vår konto. Når vi registrerer innbetaling, er du oppteken som elev. Dersom du seier frå deg plassen, vil du ikkje få tilbake desse pengane.
5. Du vil vidare utover vår og sommar motta ulike informasjonsbrev og epost frå skulen som fortel kva som skjer vidare.











