DANS|SCENE

Har du drive med dans ei stund, og kunne tenke deg å utvikle deg vidare og prøve nye stilartar? Då er dette linja for deg. På bakgrunn av tidlegare år, har vi laga to danselinjer for å legge til rette for best mogeleg instruksjon og progresjon for den enkelte.
Sjølv om innhaldet i stor grad vil vere lik den andre danselinja, vil undervisninga ta høgde for at elevane har erfaring med dans frå før, anten frå danselinje på vidaregåande eller ballettskule. I og med at vi ikkje har opptaksprøve, vil ein likevel måtte rekne med ulik grad av danserisk erfaring, kunnskap og ferdigheiter.
Ein vil på denne linja også fokusere meir på det sceniske rundt dansen, både i forhold til lyssetting, scene og kostymer. Du må ha vilje til eigentrening og øving på fritida.


- Dans
- Koreografi
- Formidling

- Danseteknisk trening i jazz, moderne og klassisk ballett
- Improvisasjon og koreografi
- Pilates
- Grunntrening og teori
- Dansehistorie
- Temabasert undervisning med gjestelærarar (f.eks. hip hop, breakdance, salsa, swing)
- Innføring i scenografi og kostyme.
- Sette opp ei miniforestilling.

- Framsyningar både internt og eksternt
- Oppsetting av danseforestilling ilag med den andre danselinja
- Musikal (fellesprosjekt for heile skulen)
- Klassetur evt. saman med den andre danseklassa

Utbytte
- Du har lært grunnleggande teknikk og trinn i ulike dansestilar
- Du har blitt mjukare, sterkare og fått bedre balanse
- Du har fått prøve deg både som utøvande dansar og koreograf
- Du har lært om scenografi i samband med dans
- Du har fått eit år i eit kreativt og positivt miljø

Studietur;

Alle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november.

 

Loggbok

Bildegalleri

Utstyrsliste

Linjelærar

Meir info om linja

 

Skuleturar

Fellesundervisning

Modulfag



ADRESSE

Sunnmøre folkehøgskule

Varleitevegen 5
6065 Ulsteinvik

Tlf. 7000 9600
Fax 7000 9601
post@sufh.no