Cuba

Post bilde

Cuba er eit land med spennande historie, varme menneske, vakker natur og fargerike byar. Eit land der det meste er svært annleis enn i Noreg!

Cuba er den minst kommersielle øya i Karibien, og ein av dei siste kommunistisk-influerte statane i verda. Med signala som har kome frå USA om oppmjuking av boikotten, er det å vere der når endringane skjer, forhåpentligvis til det beste for folket, ekstra spennande!

Mange har sagt ”reis til Cuba før det er for seint!”. Spør ein cubanar, og ho vil kanskje heller seie ”kom til Cuba – det er no det startar!”

Vi startar opphaldet i hovudstaden Havanna nord på øya, og forflyttar oss både nord-vest og til sørkysten. Vi får oppleve kontrasten mellom det yrande, levande bylivet i Havanna og landsbygda med kaffi-, sukker- og tobakksplantasjer.

Havanna har ein særprega arkitektur som femnar fleire århundre. Sang og musikk pregar gatelivet, vi ser nypolerte, fargerike 50-tallsbilar, tek ein tur med hestedrosje eller en sykkeltaxi og kjem i prat med livsglade menneske som ofte har noko dei vil selje.

Havanna har eit rikt kulturliv og vi går på den velrenommerte jazzcaféen og får høyre musikk i verdensklasse, vi dansar salsa med vår eigen instruktør, kjøper julegåver på markedet, rappellerar frå festninga der delar av James Bond-filmen “Die Another Day” er spelt inn, eller slappar av i den storslåtte hagen til mafiahotellet Hotel National (Dirty Dancing 2).

På reisa til landsbygda er opplevingane heilt annaleis. Tempoet er mykje rolegare, noko vi merkar på dagleglivet og menneskemøta.

Vi innlosjerast hos vertsfamilier og får hjelpe til med daglegdagse oppgåver, klatrar i eit område som er vidkjent for kalkstein, rir på hest mellom plantasjane og lærer korleis ein ekte sigar blir rulla, får servert verdas beste kaffe og får ein god prat på ei god blanding av spansk og engelsk. Det gode liv.

Turen avsluttast med sol og strand, bading med delfinar, tropisk landskap og katamarantur til ei idyllisk øy i Det karibiske hav.