Hawaii

Post bilde

Hawaii er meir enn ei tropisk paradisøy med asurblått hav, palmesus og Waikiki Beach. Det er også ein stad for surfing på strendene der surfinga ein gong starta.

I tillegg vil du oppleve snorkling, dykking og luftige fjellturar på kvasse vulkanar opp mot 3000 meters høgde.

Hawaii er den femtiande og nyaste staten i USA, og består av 137 øyar. Den største av øyane heiter forvirrande nok også Hawaii, eller – for å vere heilt korrekt – Hawai’i. Dei andre store øyene er Maui, O’ahu, Kaua’i, Moloka’i, og Lãna’i.

Det er mange som drøymer om Hawaii. No kan draumen bli virkeligheit. Vi reiser til Hawaii for fjerde gong, og har sett saman eit spennande program. Hawaii er eit øyrike, og du vil besøke tre av øyane; Oahu, Kauai og Maui. Oahu er øya med Honolulu og Waikiki Beach.

Maui er ei innhaldsrik øy. Nokre seier at øya er magisk, med alt frå soloppgang på over 3000 meter på kanten av et vulkankrater, til snorkling med skilpadder.

Den siste øya, Kauai, er den grøne øya. Den ligg lengst mot nord, og klimaet her er fuktigare og grønare. Du kjenner det allereie på lufta når du kjem ut av flyet – nesten som på Vigra flyplass…

Les meir om turen på linjesida til SjøSnøSurf.Hawaii.