Studieturar

Post bilde

Årets store høgdepunkt for mange er utlandsturen til Cape Town, Sør-Afrika. Hit reiser vi i lag med Idrett, Golf og Multisport.

Det at vi reiser fleire linjer i lag er veldig kjekt og gir turen ei god sosial ramme. Vi bur i lag på eit backpacker hostel som heiter Sunflower. Dette er ein trygg og god overnattingsplass berre nokre minutt frå sentrum av byen.

Sør-Afrika er eit herlig land å reise til med eit godt klima, billeg og veldig god mat og mykje kjekt å finne på. Vi har reist hit i mange år og har blitt kjent med mange flotte personar, og desse vil du òg få møte.

Desse kontaktene våre er med på å gi turen ein ekstra dimensjon då dei tek oss med og gir oss opplevingar som vanlege turistar i landet aldri får oppleve. Gjennom overnatting i vertsfamilie får du ei helg i ein Sør-Afrikansk heim, ei oppleving du vil hugse lenge.

Turen er ein god miks av å nyte livet, delta på ulike opplevingar, få gjere ein innsats gjennom ulike prosjekt og kanskje eit adrenalinkick eller to.

NB! Denne teksta prøver å beskrive korleis turen er, men Sør-Afrika må opplevast sjølv. Vi gir deg ein tur som ingen turistbyrå er i nærheten av å kunne matche. Det er ein lovnad!

Adrenalin

  • Shark Cage Diving
    Du får sjå kvithaien på veldig nært hald
  • Strikkhopp frå Bloukrans Bridge
    Verdas høgste frå bru (216 meter)
  • ATV (quarterbike) i flott natur
  • Fallskjermhopp i Cape Town
  • Zip Line (sjekk ut Cape Canopy Tours)

Prosjekt

  • Skulebesøk med undervisning frå 1. til 8. klasse
  • CapeFlats YMCA
  • Delta på aktiviteter i ein heim for narkomane

Andre opplegg

  • Bu ei helg i vertsfamile
  • Surfing i flotte Muizenberg
  • Omvisning i Langa Township
  • Safari utanfor George (du får sjå «the big five»)
  • Garden Route, kanskje verdas vakraste bilveg
  • Besøke Robben Island og Table Mountain